1 No var Josva gamall vorten og ut i åri komen, og Herren sagde til honom: «No er du gamall og langt fram i åri; men endå er det ovmykje land att å taka.

2 Det som er att er alle filistarkvervarne og heile Gesuritarlandet,

3 frå den kvisli som renn frammed Egyptarland og Ekronskiftet i nord; skal reknast til Kana’an, både dei fem filistarfyrstarne i Gasa og Asdod og Askalon og Gat og Ekron, og avitarne,

4 som bur sunnanfor deim. So er det heile Kana’anitarlandet, frå Meara, som ligg under Sidon, til Afek, til skiftet med amoritarne,

5 og Giblitarlandet, og heile austsida av Libanon, frå Ba’al-Gad nedunder Hermonfjellet til Hamatvegen,

6 alle dei som bur i fjellbygderne, frå Libanon til Misrefot-Majim, alle sidonarane. Sjølv vil eg driva deim ut for Israel. Men drag no du strå for Israels-sønerne, so dei fær desse bygderne til odel og eiga, soleis som eg hev sagt deg!

7 Skift ut dette landet til dei ni ætterne og den eine helvti av Manasse-ætti.»

8 Saman med Manasse-ætti hadde rubenitarne og gaditarne fenge odelslandet sitt, det som Moses gav deim, på austsida av Jordan, soleis som Moses, Herrens tenar, gav deim det:

9 alt som låg nordanfor Aroer innmed Arnon og byen i dalen, og heile Medbasletta, radt til Dibon,

10 og alle byarne åt Sihon, amoritarkongen, han som hadde kongssætet sitt i Hesbon, radt til skiftet med Ammons-sønerne,

11 og Gilead, og Gesuritarlandet og Ma’akatitarlandet og heile Hermonfjellet og heile Basan alt til Salka,

12 heile riket åt Og i Basan, han som hadde kongssætet sitt i Astarot og Edre’i; han var den siste av kjempefolket. Moses vann yver desse kongarne, og tok landet deira.

13 Men Israels-sønerne dreiv ikkje ut gesuritarne og ma’akatitarne; dei hev vorte buande millom Israels-folket alt til denne dag.

14 Det var berre Levi-ætti han ikkje gav noko odelsland; offerretterne åt Herren, Israels Gud, skulde vera deira odel, soleis som han hadde lova deim.

15 Fyrst let Moses Rubens-sønerne og ættgreinerne deira få sin lut.

16 Dei fekk landet nordanfor Aroer innmed Arnon og byen i dalen, og heile høgsletta kring Medba,

17 Hesbon og alle byarne som til høyrde og låg på høgsletta: Dibon og Bamot-Ba’al og Bet-Ba’al-Meon

18 og Jahsa og Kedemot og Mefa’at

19 og Kirjatajim og Sibma, og so Seret-Hassahar på berget i dalen

20 og Bet-Peor og Pisgaliderne og Bet-ha-Jesjimot -

21 alle byarne på høgsletta, og heile riket åt Sihon, amoritarkongen, som hadde kongssætet sitt i Hesbon. Det var han som Moses vann yver same gongen som han felte Midjans-hovdingarne, Evi og Rekem og Sur og Hur og Reba, som var jarlarne åt Sihon og hadde bustad der i landet;

22 og Bileam Beorsson, spåmannen, var og millom dei falne, deim som Israels-sønerne drap med sverdet.

23 Fylkesdeilet åt Rubens-borni fylgde Jordanåi; ho var skifte. Dette var det landet Rubens-sønerne og ættgreinerne deira fekk til odel og eiga med byar og bygder.

24 So let Moses Gads-ætti, Gads-sønerne og ættgreinerne deira, få sin lut.

25 Det dei fekk, var Jaser og alle byarne i Gilead og helvti av Ammonitarlandet alt til Aroer, som ligg midt for Rabba,

26 so landet deira rakk frå Hesbon til Ramat-Hammispe og Betonim og frå Mahanajim til Debirbygdi;

27 og i dalen fekk dei Bet-Haram og Bet-Nimra og Sukkot og Safon, det som var att av riket åt Sihon, kongen i Hesbon. Alt dette låg på austsida av Jordan, og fylkesdeilet fylgde Jordan heilt upp til sudenden av Kinneretsjøen.

28 Dette var det landet Gads-borni og ættgreinerne deira fekk til odel og eiga med byar og bygder.

29 Sidan gav Moses land åt halve Manasse-ætti, so dei og, den eine helvti av Manasse-sønerne og ættgreinene deira fekk sin lut.

30 Dei fekk landet burtanfor Mahanajim: heile Basan, heile riket åt Og, kongen i Basan, og alle tjeldbyarne åt Ja’ir i Basan, seksti byar,

31 og helvti av Gilead, og Astarot og Edre’i, kongebyarne åt Og i Basan. Alt dette fekk sønerne åt Makir, son åt Manasse, helvti av Makirs-borni og ættgreinerne deira.

32 Dette var den odelsjordi Moses luta ut, på Moabmoarne austanfor Jordanåi, som renn frammed Jeriko.

33 Men Levi-ætti gav han ikkje noko odelsland. Herren, Israels Gud, er deira odel, soleis som han hadde lova deim.