1 Kom, lat oss fegnast for Herren, lat oss ropa av frygd for vårt frelse-berg!2 Lat oss stiga fram for hans åsyn med lovsong, lat oss syngja vår fagnad for honom i salmar!3 For ein stor Gud er Herren og ein stor konge yver alle gudar,4 han som i si hand hev det djupaste av jordi, og som eig topparne av fjelli.5 Han eig havet, for han hev skapt det, og turrlendet hev hans hender laga.6 Kom, lat oss falla ned og bøygja oss, lat oss bøygja kne for Herren, vår skapar!7 For han er vår Gud, og me er det folk han føder, og den hjord som handi hans leider. Å, vilde de høyra på hans røyst i dag!8 Forherd ikkje dykkar hjarta som ved Meriba, som på Massa-dagen i øydemarki,9 der federne dykkar freista meg! Dei prøvde meg, endå dei hadde set mi gjerning.10 I fyrti år var eg leid av den ætti, og eg sagde: «Dei er eit folk med villfarande hjarta, og dei kjenner ikkje vegarne mine.»11 So svor eg i min vreide: «Sanneleg, dei skal ikkje koma inn til mi kvila.»
Publicidade
Salmos 95
Veja também
Publicidade
Salmos
123456789101112131415161718192021222324252627282930313233343536373839404142434445464748495051525354555657585960616263646566676869707172737475767778798081828384858687888990919293949596979899100101102103104105106107108109110111112113114115116117118119120121122123124125126127128129130131132133134135136137138139140141142143144145146147148149150
Ver todos os capítulos de Salmos