Publicidade

Agradecimento a Deus

Por Bíblia Online –

Agradecer a Deus é louvor, adoração e reconhecimento da sua soberania. Dai graças ao Senhor porque Ele é bom — a sua misericórdia dura para sempre!

2 Lat oss stiga fram for hans åsyn med lovsong, lat oss syngja vår fagnad for honom i salmar!

4 Kom inn i hans portar med takk, i hans fyregardar med lov, prisa honom, lova hans namn!

1 Halleluja! Prisa Herren, for han er god, for æveleg varer hans miskunn!

28 Min Gud er du, og eg vil prisa deg, min Gud, eg vil upphøgja deg.

7 Syng for Herren med takkesong, syng lov for vår Gud med cither!

30 Men eg er ein arming full av verk, Gud, lat di frelsa berga meg!

7 Herren er min styrke og min skjold; på honom leit mitt hjarta, og eg fekk hjelp. Difor fagnar mitt hjarta seg høgt, og eg vil prisa honom med min song.

6 Gjer dykk ingi sut for noko ting; men lat i alle ting dykkar ynskje koma fram for Gud i påkalling og bøn med takksegjing!

17 Og alt som de gjer i ord eller gjerning, gjer det alt i Herren Jesu namn, med takk til Gud Fader ved honom!

2 Me takkar alltid Gud for dykk alle, når me kjem dykk i hug i bønerne våre,3 med di me uavlatande minnest dykkar verksemd i trui og arbeid i kjærleiken og tolmod i voni på vår Herre Jesus Kristus for vår Gud og Faders åsyn,

4 Eg takkar alltid min Gud for dykk, for den Guds nåde som er dykk gjeven i Kristus Jesus,

14 Men Gud vere takk, som alltid fører oss fram på sigerferd i Kristus og ved oss openberrar angen av kunnskapen um honom på kvar stad!

10 Og han som gjev såmannen såkorn og brød til å eta, han skal og gjeva dykk sæde og gjera det rikelegt og gjeva vokster til frukterne av dykkar rettferd,11 med di de i alt vert rike til all einfald kjærleik, som ved oss verkar takk til Gud.

19 so de talar til kvarandre med salmar og lovsongar og åndelege visor og syng og leikar i dykkar hjarto for Herren,20 og alltid takkar Gud og Faderen for alle ting i vår Herre Jesu Kristi namn,21 og er kvarandre undergjevne i age for Kristus!

41 Og han tok dei fem brødleivarne og dei tvo fiskarne og såg upp imot himmelen og velsigna deim; so braut han brødet og gav det til læresveinarne, so dei skulde setja det fram for deim, og dei tvo fiskarne skifte han og ut åt deim alle.42 Då alle hadde ete og var mette,43 samla dei upp tolv korger fulle med brødstykke og noko fisk.

Publicidade