Publicidade

Amor verdadeiro

Por Bíblia Online –

O amor verdadeiro vem de Deus. Não é emoção passageira — é decisão, sacrifício e compromisso eterno. O perfeito amor lança fora o medo e nunca deixará de existir.

16 For so elska Gud verdi at han gav Son sin, den einborne, so kvar den som trur på honom, ikkje skal verta fortapt, men hava ævelegt liv.

34 Eit nytt bod gjev eg dykk: at de skal elska kvarandre; liksom eg hev elska dykk, so skal de og elska kvarandre.35 På det skal alle skyna at de er mine læresveinar - på det at de hev kjærleik til kvarandre.»

8 men Gud syner sin kjærleik til oss med di at Kristus døydde for oss medan me endå var syndarar.

38 For eg er viss på at korkje daude eller liv, korkje englar eller herrar, korkje det som no er eller det som koma skal eller nokor magt,39 korkje høgd eller dypt eller noko annan skapning skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre.

10 Kjærleiken gjer ikkje næsten noko vondt; difor er kjærleiken uppfylling av lovi.

4 Kjærleiken er langmodig, er velviljug; kjærleiken ovundast ikkje; kjærleiken briskar seg ikkje, blæs seg ikkje upp;5 han gjer inkje usømelegt, søkjer ikkje sitt eige, illskast ikkje, gøymer ikkje på det vonde;6 han gled seg ikkje ved urettferd, men gled seg ved sanning.7 Alt lid han, alt trur han, alt vonar han, alt toler han.8 Kjærleiken fell aldri burt; men anten det er profetgåvor, so skal dei få ende, eller tungor, so skal dei tagna, eller kunnskap, so skal han få ende.

8 Den som ikkje elskar, kjenner ikkje Gud; for Gud er kjærleik.

18 Otte er ikkje i kjærleiken, men den fullkomne kjærleiken driv otten ut; for otten hev straffi i seg; men den som ottast, er ikkje fullkomen i kjærleiken.

3 For dette er kjærleiken til Gud, at me held hans bod; og hans bod er ikkje tunge.

22 Men Andens frukt er kjærleik, gleda, fred, langmod, mildskap, godleik, truskap,

Publicidade