Bíblia
A Bíblia é a Palavra de Deus — viva, eficaz e mais cortante que espada de dois gumes. Toda Escritura é inspirada por Deus e útil para ensinar, repreender, corrigir e instruir em justiça.
Inspiração divina
Toda Escritura é inspirada por Deus. Homens santos falaram da parte de Deus movidos pelo Espírito Santo.
16 Heile skrifti er innanda av Gud og er dugleg til lærdom, til yvertyding, til rettleiding, til uppseding i rettferd,17 so gudsmannen kann verta fullkomen, dugleg til all god gjerning.
15 og då du alt frå barndomen kjenner dei heilage skrifter som kann gjera deg vis til frelsa ved trui på Kristus Jesus.16 Heile skrifti er innanda av Gud og er dugleg til lærdom, til yvertyding, til rettleiding, til uppseding i rettferd,17 so gudsmannen kann verta fullkomen, dugleg til all god gjerning.
20 men di de fyrst og fremst veit dette, at inkje profetord i skrifti er gjeve til eigi tyding.21 For aldri er noko profetord framkome av mannevilje; men dei heilage Guds menner tala, drivne av den Heilage Ande.
15 Legg vinn på å framstella deg sjølv som sannrøynd for Gud, ein arbeidar som ikkje tarv skjemmast, med di du lærer sannings-ordet retteleg!
2 Forkynn ordet, statt nær med det i tid og i utid, yvertyd, refs, påminn med alt langmod og all læra!
13 Til dess eg kjem, so legg vinn på fyrelesnaden, på påminningi, på læra!
Poder da Palavra
A Palavra de Deus é viva e eficaz. O céu e a terra passarão, mas as minhas palavras jamais passarão.
12 For Guds ord er livande og kraftigt og kvassare enn noko tvieggja sverd, og trengjer seg igjenom til dess det kløyver sjæl og ånd, ledmot og merg, og dømer hjartans tankar og råder,
35 Himmel og jord skal forgangast, men mine ord skal aldri forgangast.
4 Men han svara: «Det stend skrive: «Menneskja liver ikkje berre av brød, men av kvart ord som kjem frå Guds munn.»»
10 For liksom regnet og snøen fell ifrå himmelen og ikkje fer upp att dit fyrr det hev vatna jordi og gjeve henne grokraft og grøda, ja, gjeve såkorn og brødkorn,11 so skal det vera med ordet mitt som gjeng ut or munnen min, det skal ikkje koma att til meg tomt, men verka det som eg vil, og fullføra det som eg sende det til.
17 Helga dei i sanningi! Ditt ord er sanning.
39 De granskar skrifterne av di de tenkjer at de hev eit ævelegt liv i deim, og dei er det som vitnar um meg.
25 Men Herrens ord varer i all æva. Dette er det ordet som er forkynt for dykk ved evangeliet.
9 Korleis skal ein ungdom halda stigen sin rein? Når han held seg etter ditt ord.
160 Summen av ditt ord er sanning, og æveleg stend all di rettferds lov.
Estudar e pregar
Os bereanos examinavam as Escrituras diariamente. Procura apresentar-te a Deus aprovado como obreiro que maneja bem a Palavra.
11 Men desse var gjævare enn dei i Tessalonika, og dei tok imot ordet med all godvilje og ransaka dag etter dag i skrifterne um dette hadde seg soleis.
2 Som Paulus’ sedvane var, gjekk han inn til deim, og tri kviledagar tala han med deim ut or skrifterne3 og tydde og greidde ut, at Messias skulde lida og standa upp frå dei daude, og sagde: «Dette er Messias, den Jesus som eg forkynner dykk.»
30 Men Filip sprang til og høyrde at han las profeten Jesaja, og han sagde: «Skynar du det du les?»31 Men han sagde: «Korleis skulde eg kunna det, utan at nokon rettleider meg?» Og han bad Filip stiga upp og setja seg hjå honom.32 Men det stykket av skrifti som han las, var dette: «Som ein sau vart han førd til slagting, og liksom eit lamb som er tagalt for den som klypper det, soleis let han ikkje upp sin munn.
35 Men Filip let upp munnen og gjekk ut ifrå dette skriftordet og forkynte honom evangeliet um Jesus.
10 For Ezras hadde vendt hugen sin til å granska Herrens lov og fylgja henne, og til å læra andre i Israel upp i lov og rett.
25 «Å, for uvituge de er,» svara han, «og for seinhuga til å tru alt det som profetarne hev tale!26 Laut ikkje Messias lida dette, fyrr han kunde ganga inn til sin herlegdom?»27 So tok han til frå Moses og alle profetarne, og i alle skrifterne lagde han ut for deim det som er sagt um honom der.
18 Og Jesus steig fram og tala til deim og sagde: «Eg hev fenge all magt i himmelen og på jordi.19 Gakk då ut, og gjer alle folki til læresveinar, med di de døyper deim til namnet åt Faderen og Sonen og den Heilage Ande,20 og lærer deim å halda alt det som eg hev bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar so lenge verdi stend!»
7 Og kvar de kjem, so gjer kunnigt at himmelriket er nær!
Revelação e fidelidade
A Palavra do Senhor veio aos profetas. A graça de Deus se manifestou na Escritura para a salvação de todos.
8 Då kom Herrens ord til honom; han sagde:
1 Herrens ord som kom til Joel Petuelsson.
19 Og Herrens ord kom til Jeremia; han sagde:
1 Ei framsegn. Herrens ord til Israel ved Malaki.
8 Og Herrens ord kom til Zakarja soleis:
4 Då kom Herrens ord til Jesaja soleis:
1 Herrens, Herrens ande er yver meg, for Herren hev salva meg til å bera fagnadbod til dei smålåtne, han hev sendt meg til å binda um dei hugbrotne, til å ropa ut fridom for fangar, og for dei bundne utløysing,2 ropa ut eit nåde-år for Herren og ein hemnedag frå vår Gud, til å trøysta alle dei syrgjande,3 til å gjeva dei syrgjande i Sion høgtidskruna for syrgjebunad, gledeolje i staden for sorg, lovsongs-klæde for vanmoda ånd, og dei skal heita rettferds eiker, Herrens plantning til herleggjering.
Viver pela Palavra
Não só de pão vive o homem. Nada acrescentes nem diminuas. A Palavra é alimento, guia e espada do cristão.
5 Alt Guds ord er skirt, han er ein skjold for deim som flyr til honom.6 Legg ikkje noko til hans ord, elles lyt han refsa deg, og du stend der ein ljugar.
18 Eg vitnar for kvar som høyrer dei profetiske ordi i denne boki: Dersom nokon legg noko til dette, so skal Gud leggja på honom dei plågor som er skrivne i denne boki.19 Og dersom nokon tek noko burt frå ordi i denne profetiske boki, so skal Gud taka hans lut burt frå livsens tre og frå den heilage byen som det stend skrive um i denne boki.
6 Eg undrast på at de so snøgt vender dykk frå honom som kalla dykk ved Kristi nåde, til eit anna evangelium,7 endå det ikkje finst noko anna, det er berre sume som forviller dykk og vil forvenda Kristi evangelium.8 Men um so me eller ein engel frå himmelen forkynner dykk eit anna evangelium enn det som me hev forkynt dykk, han vere bannstøytt!9 Som me hev sagt fyrr, so segjer eg no på nytt: Um nokon forkynner dykk eit anna evangelium enn det som de tok imot, han vere bannstøytt!
15 Og agta det langmod vår Herre viser, som ei frelsa, som og vår kjære bror Paulus hev skrive til dykk etter den visdom som han hev fenge,16 liksom og i alle sine brev når han i deim talar um desse ting; i deim er det noko som er vandt å skynda, som ulærde og ustøde mistyder, liksom dei og gjer med dei andre skrifterne, til sin eigen undergang.
4 For alt det som fyrr er skrive, det er skrive oss til lærdom, so me skal hava von ved det tolmodet og den trøysti som skrifterne gjev.
14 Korleis skal dei då kalla på den som dei ikkje trur på? og korleis skal dei tru der dei ikkje hev høyrt? og korleis skal dei høyra utan det er nokon som forkynner?15 Og korleis skal dei forkynna utan dei vert utsende? som skrive stend: «Kor fagre føterne deira er, som forkynner fred, som ber godt bod!»16 Men ikkje alle lydde fagnadbodet. For Jesaja segjer: «Herre, kven trudde det bodet me høyrde?»17 So kjem då trui av høyring, men høyringi ved Kristi ord.
16 For eg skjemmest ikkje ved evangeliet, for det er ei Guds kraft til frelsa for kvar den som trur, både for jøde fyrst og so for grækar.17 For i det vert Guds rettferd openberra av tru til tru, som skrive stend: «Den rettferdige, av tru skal han liva.»
12 Men me hev ikkje fenge den ande som høyrer verdi til, men den Ande som er av Gud, so me skal kjenna det som er oss gjeve av Gud,13 det som me talar um, ikkje med ord som er lærde av menneskjeleg visdom, men med ord som er lærde av den heilage Ande, med di me tyder åndelege ting med åndelege ord.14 Men eit naturleg menneskje tek ikkje mot det som høyrer Guds Ande til; for det er honom ein dårskap, og han kann ikkje kjenna det, for det vert dømt åndeleg.
21 For då verdi ved sin visdom ikkje kjende Gud i Guds visdom, so fann Gud for godt ved forkynnings dårskap å frelsa deim som trur,
22 etter som både jødar krev teikn, og grækarar søkjer visdom,23 men me forkynner Kristus krossfest, som er ei avstyggjing for jødar og ein dårskap for grækarar,24 men for deim som er kalla, både jødar og grækarar, forkynner me Kristus, Guds kraft og Guds visdom.
17 For Kristus sende meg ikkje ut til å døypa, men til å forkynna evangeliet, ikkje med vise ord, so Kristi kross ikkje skulde missa si kraft.
9 Men de er ei utvald ætt, eit kongelegt presteskap, eit heilagt folk, eit folk til eigedom, so de skal forkynna hans dygder som kalla dykk ut or myrker til sitt underfulle ljos,