Publicidade

Compaixão

Por Bíblia Online –

A compaixão é o coração de Deus em ação. Ele é compassivo e misericordioso, tardio em irar-se e grande em amor. Somos chamados a refletir essa compaixão no mundo.

13 Som ein far miskunnar borni, so miskunnar Herren deim som ottast honom.

15 Men du, Herre, er ein miskunnsam og nådig Gud, langmodig og rik på miskunn og truskap.

3 Soleis hev eg set etter deg i heilagdomen til å sjå di kraft og di æra.

22 Herrens nåde det er, at det ikkje er ute med oss, for hans miskunn er enn ikkje all.23 Kvar morgon er ho ny, å, stor er din truskap.

15 Gløymer vel ei kvinna sogbarnet sitt, so ho ikkje miskunnar den ho bar under hjarta? Um endå dei kunde gløyma, so gløymer eg ikkje deg.16 Sjå her, eg hev teikna deg på henderne mine, murarne dine hev eg alltid for augo.

18 Og difor biar Herren med å vera dykk nådig, og difor held han seg langt burte i det høge med si miskunn mot dykk; for Herren er doms Gud, sæle er alle dei som biar på honom.

18 Kven er ein Gud som du? Han tek burt synd og tilgjev brot for deim som er att av hans arv. Han held ikkje fast på vreiden sin til æveleg tid. For han hev hug til miskunn.

6 Og eg vil gjera Judas hus sterkt, og Josefs hus skal eg frelsa; ja, eg fører deim atter heim; for eg vil miskunna deim, og dei skal vera liksom eg aldri hadde støytt deim burt. For eg er Herren, deira Gud, og eg skal bønhøyra deim.

9 Soleis tala Herren, allhers drott: Seg rettvise domar og ver kjærlege og miskunnsame mot kvarandre!10 Enkjor og farlause, framandfolk og fatige må de ikkje vera harde med, og ikkje tenkja ut vondt mot kvarandre i hjarta dykkar!

12 Klæd dykk då, som er Guds utvalde, heilage og kjære i hjarteleg miskunn, godleik, audmykt, spaklynde, langmod,

32 Men ver gode mot kvarandre, miskunnsame, so de tilgjev kvarandre, liksom og Gud hev tilgjeve dykk i Kristus.

8 Og til slutt: Ver alle samhuga, medlidande, kjærlege mot brørne, miskunnsame, audmjuke!

17 Men den som hev gods i denne verdi og ser bror sin hava trong og let hjarta sitt att for honom, kor kann då kjærleiken til Gud vera i honom!

3 Lova vere Gud og vår Herre Jesu Kristi Fader, miskunns Fader og all trøystings Gud,4 han som trøystar oss i all vår trengsla, so me kann trøysta deim som er i allslags trengsla, med den trøyst som me sjølve vert trøysta med av Gud!

15 For me hev ikkje ein øvsteprest som ikkje kann hava medynk med vår vesaldom, men ein som er røynd i alle ting i likning med oss, då utan synd.

15 Gled dykk med dei glade og gråt med dei gråtande!

11 Elles, brør, gled dykk, vert fullkomne, lat dykk påminna, ver samlyndte, ver fredsame, so skal kjærleiks og freds Gud vera med dykk.

Publicidade