Não desista!
'Não desista!' é o grito do céu para a terra. Deus nos encoraja a perseverar na fé, na oração e na esperança, porque a vitória pertence aos que não se rendem.
Força na fraqueza
Os que esperam no Senhor renovam as forças. Deus não se cansa nem se fatiga — Ele dá poder aos fracos e vigor aos cansados.
28 Hev du ’kje skyna det? Hev du ’kje høyrt det? Herren han er ein æveleg Gud, han hev skapt den vide verdi. Han vert ikkje trøytt, han vert ikkje mod, hans vit kann ingen grunda ut.29 Han gjev den trøytte kraft og aukar styrken for magtlaus mann.30 Gutar vert trøytte og mode, og unge karar lyt snåva.31 Men dei som vonar på Herren, fær atter kraft, dei fær nye vengjefjører som ørnar. Dei spring og trøytnar ikkje, dei gjeng og mødest ei.
19 For du folk som bur på Sion, i Jerusalem, du må ikkje gråta meir; han vil vera deg nådig når du ropar um hjelp; når han høyrer det, svarar han deg.
1 Og no segjer Herren so, han som skapte deg, Jakob, og laga deg, Israel: Ver urædd! for eg hev løyst deg ut, eg hev ropa deg på namn, du er min.2 Fer du gjenom vatn, so er eg med deg, gjenom elvar, so skal dei ’kje riva deg burt. Gjeng du i eld, du svidar deg ei, og logen skal ikkje brenna deg.3 For eg, Herren, er din Gud, Israels Heilage er din frelsar. Egyptarland gjev eg til løysepeng for deg, Ætiopia og Seba til vederlag for deg.
12 Eg veit å liva i ringe kår, eg veit og å liva i nøgd; i alt og i alle ting er eg innvigd, både å verta mett og vera svolten, både å hava nøgdi og hava vanråd.13 Alt magtast eg i honom som gjer meg sterk.
16 Difor misser me ikkje modet, men um og vårt ytre menneskje gjeng til grunns, so vert då det indre uppnya dag etter dag.17 For vår kortvarande og lette trengsla verkar for oss ei æveleg nøgd av herlegdom i yvermål på yvermål,18 med di me ikkje fester oss ved det synlege, men ved det usynlege; for det synlege er timelegt, men det usynlege ævelegt.
Perseverança na fé
Não perca a confiança, pois ela tem grande recompensa. O justo viverá pela fé, e quem perseverar até o fim será salvo.
35 Kasta difor ikkje burt dykkar frimod, som hev stor løn!
23 Lat oss halda uruggeleg fast på å vedkjennast voni, for han er trufast som gav lovnaden,24 og lat oss agta på kvarandre, so me kveikjer kvarandre til kjærleik og gode gjerningar25 og ikkje skil oss frå vår eigi samling som sume hev for skikk, men påminner kvarandre, og det so mykje meir som de ser kor det lid mot dagen.
6 men utan tru er det umogelegt å tekkjast Gud; for den som vil koma til Gud, må tru at han er til, og at han løner deim som søkjer honom.
12 For Guds ord er livande og kraftigt og kvassare enn noko tvieggja sverd, og trengjer seg igjenom til dess det kløyver sjæl og ånd, ledmot og merg, og dømer hjartans tankar og råder,
9 Men lat oss ikkje verta trøytte av å gjera det gode! for i si tid skal me hausta, berre me ikkje trøytnar.
11 Eg kjem snart; haldt fast på det du hev, so ingen skal taka kruna di!
12 Her er tolmodet til dei heilage, dei som held Guds bod og trui på Jesus.
12 Sæl den mannen som held ut i freisting! for når han er prøvd, skal han få livsens kruna, som Gud hev lova deim som elskar honom.
Deus é refúgio
O Senhor é nosso refúgio e fortaleza. Ele ouve nossas orações, nos consola nas tribulações e transforma choro em dança.
1 Til songmeisteren; av Korahs born, etter Alamot; ein song.
22 Ordi frå hans munn er håle som smør, men hans hjarta er fullt av strid. Hans ord er mjukare enn olje, og dei er då utdregne sverd.
9 og han dømer jordriket med rettferd, segjer dom yver folkeslag med rettvisa.10 Og Herren er ei borg for den nedtyngde, ei borg i dei tider han er i trengd.
5 Dei som sår med tåror, skal hausta med glederop.6 Dei gjeng av stad og græt og ber sitt såkorn. So kjem dei att med fagnadrop og ber sine kornband.
24 Elska Herren, alle hans trugne! Herren vaktar dei trufaste, men gjev rikeleg attergjeld til den som fer med ovmod. Ver hugheile og lat dykkar hjarta vera sterkt, alle de som ventar på Herren!
105 Ditt ord er ei lykt for min fot og eit ljos for min stig.
18 Herren er nær hjå alle deim som kallar på honom, alle som kallar på honom i sanning.19 Han gjer etter deira ynskje som ottast honom, og han høyrer deira rop og frelser deim.
Vitória em Cristo
Jesus venceu o mundo e nos dá vitória. Para Deus nada é impossível, e Ele faz infinitamente mais do que pedimos ou pensamos.
33 Dette hev eg tala til dykk, so de skal hava fred i meg. I verdi hev de trengsel; men ver hugheile! eg hev vunne yver verdi.»
66 For dette var det mange av læresveinarne hans som drog seg undan og ikkje gjekk ikring med honom lenger.67 Då sagde Jesus til dei tolv: «Vil de og ganga dykkar veg?»68 Simon Peter svara: «Herre, kven skulde me ganga til? Du hev det ævelege livs ord,69 og me trur og veit at du er den Heilage frå Gud.»
18 Eg vil ’kje lata dykk vera att åleine som foreldrelause born; eg kjem til dykk.
7 Bed, so skal de få, leita, so skal de finna, banka på, so skal det verta upplate for dykk!8 For kvar den som bed, han fær, og den som leitar, han finn, og den som bankar på, vert det upplate for.
28 Kom til meg, alle de som slit og hev tungt å bera! hjå meg skal de få kvila dykk ut.29 Tak mitt ok på dykk, og lær av meg! for eg er mild og mjuk i hjarta, og de skal finna kvild for sjælerne dykkar.30 For mitt ok er godt, og mi byrd er lett.»
26 Jesus såg på deim og sagde: «For menneskje er det umogelegt, men for Gud er alt mogelegt.»
37 for ingen ting er umogeleg for Gud.»
Esperança e transformação
O Senhor completa a boa obra que começou em nós. Ele faz novas todas as coisas e dá esperança para o futuro.
6 Og eg er fullvis um dette, at han som tok til med ei god gjerning i dykk, skal fullføra henne alt til Jesu Kristi dag,
17 Difor, um nokon er i Kristus, so er han ein ny skapning; det gamle hev forgjengest, sjå, alt hev vorte nytt!
1 Og eg såg ein ny himmel og ei ny jord; for den fyrste himmelen og den fyrste jordi hadde kvorve burt, og havet er ikkje meir.2 Og eg såg den heilage byen, det nye Jerusalem, stiga ned ifrå himmelen frå Gud, budd som ei brur som er prydd for brudgomen sin.3 Og eg høyrde ei høg røyst frå kongsstolen, som sagde: «Sjå, Guds bustad er hjå menneski, og han skal bu hjå deim; og dei skal vera hans folk, og Gud sjølv skal vera hjå deim og vera deira Gud.4 Og han skal turka kvar tåra av augo deira, og dauden skal ikkje meir vera til, og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pinsla skal meir vera til; for dei fyrste ting er burtfarne.»
7 Herren er god, ei vern på trengsledagen. Han kjenner deim som trøystar seg til honom.
11 For eg veit kva tankar eg hev med dykk, segjer Herren, tankar til fred og ikkje til tjon, å gjeva dykk framtid og von.
7 Men ver de frihuga og lat ikkje henderne siga; for dykkar verk skal få si løn!»
Permanecendo firme
Persevere na oração, firme-se na Palavra e fortaleça-se na graça de Cristo. A fé vem pelo ouvir, e o ouvir pela Palavra de Deus.
11 Ver ikkje lunka i dykkar ihuge; ver brennande i åndi; ten Herren!12 Ver glade i voni, toluge i trengsla, trottuge i bøni!
12 Ver glade i voni, toluge i trengsla, trottuge i bøni!
19 Hemn dykk ikkje sjølve, mine kjære, men gjev vreiden umrøme! For det stend skrive: «Meg høyrer hemnen til, eg skal gjeva attgjeld, segjer Herren.»
17 So kjem då trui av høyring, men høyringi ved Kristi ord.
28 Og me veit at alle ting tener deim til gode som elskar Gud, dei som er kalla etter hans rådgjerd.
16 Heile skrifti er innanda av Gud og er dugleg til lærdom, til yvertyding, til rettleiding, til uppseding i rettferd,17 so gudsmannen kann verta fullkomen, dugleg til all god gjerning.
13 Hav til fyredøme dei heilsame ordi som du høyrde av meg, i tru og kjærleik i Kristus Jesus!14 Tak vare på den fagre skatt som er yvergjeven til deg, ved den Heilage Ande, som bur i oss!
16 Men han vår Herre Jesus Kristus, og Gud, vår Fader, som elska oss og gav oss ei æveleg trøyst og ei god von i nåde,17 han trøyste dykkar hjarto og styrkje dykk i all god gjerning og tale!
9 Dersom me sannar synderne våre, so er han trufast og rettferdig, so han forlet oss synderne og reinsar oss frå all urettferd.
14 Og dette er den frimodige tiltru me hev til honom, at dersom me bed um noko etter hans vilje, so høyrer han oss.15 Og dersom me veit at han høyrer oss, kva me so bed um, so veit me at me hev dei ting som me hev bede honom um.
7 Alt lid han, alt trur han, alt vonar han, alt toler han.