Publicidade

1 Pedro 4

1 Sidan no Kristus hev lide i kjøtet, so væpna og de dykk med den same tanken, at den som hev lide i kjøtet, er ferdig med syndi,2 so de ikkje lenger skal liva etter menneskje-lyster, men etter Guds vilje, den tid de endå skal vera i kjøtet.3 For det er nok at de i den framfarne livstid hev gjort det som heidningarne vil, med di de ferdast i used, lyster, fullskap, svir, drykk og usømeleg avgudsdyrking;4 difor undrast dei når de ikkje renner med deim ut i den same straum av skamløysa, og dei spottar dykk.5 Men dei skal gjera rekneskap for honom som held seg ferdig til å døma livande og daude.

Veja também

Publicidade
1 Pedro
Ver todos os capítulos de 1 Pedro
Bíblia Online Bíblia Online

Bíblia Online • Versão: 2026-04-20_11-41-06-