1 Då det leid til at David skulde døy, gav han Salomo, son sin, fyresegner og sagde:2 «Eg gjeng no den vegen som all verdi må fara. Ver so du sterk, og vert ein mann!3 Tak vare på alt det som Herren, din Gud, vil du skal taka vare på, so du ferdast på hans vegar og rettar deg etter hans lover og bod og rettar og fyresegner, soleis som det er skrive i Mose lov, so du må fara vist åt i alt det du tek deg fyre, og kvar du vender deg -4 so Herren kann halda den lovnad han gav meg og sagde: «Aldri skal du vanta ein ettermann på Israels kongsstol,» sagde han, «er so sønerne dine agtar på vegen sin, so dei ferdast for mi åsyn i truskap av alt sitt hjarta og heile si sjæl.»
Publicidade
1 Reis 2
Veja também
Publicidade