9 Kvifor hev du då vanvyrdt Herrens ord, og gjort det som er ilt i hans augo? Hetiten Uria hev du drepe med sverd, og kona hans hev du teke til kona åt deg sjølv! Honom myrde du med ammonitarsverd.10 Difor skal no sverdet aldri vika frå ditt hus, av di du vanvyrde meg og tok kona åt hetiten Uria til kona åt deg sjølv.»11 So segjer Herren: «Sjå, eg let ulukke koma yver deg frå ditt eige hus. Konorne dine tek eg burt frå augo dine og gjev deim åt ein annan, so han ligg med konorne dine midt på ljose dagen.12 Du let det henda i løyndom; eg let dette henda midt på ljose dagen, so heile Israel er vitne til det.»»
Publicidade
2 Samuel 12
Veja também
Publicidade