36 I Joppe var det ei læresyster med namnet Tabita, som er utlagt: Dorkas. Ho var rik på gode gjerningar og sælebotsgåvor som ho gav.37 Men det hende seg i dei dagarne, at ho vart sjuk og døydde. Dei vaska henne då og lagde henne på ein sal.38 Og då Lydda ligg nær ved Joppe, og læresveinarne hadde høyrt at Peter var der, sende dei tvo menner til honom og bad: «Ver ikkje leid um du lyt fara hit til oss!»39 Peter stod upp og vart med deim; og då han kom dit, førde dei honom uppå salen. Og alle enkjorne stod ikring honom og gret og synte fram dei kjolar og klædningar som Tabita hadde gjort medan ho var hjå deim.
Publicidade
Atos 9
Veja também
Publicidade