Publicidade

Daniel 11

5 Og kongen i Sudlandet skal verta veldug, og ein av hovdingarne hans og; ja, denne hovdingen skal verta ein endå veldugare hovding enn han sjølv er, og veldet hans skal verta stort.6 Og um nokre år skal dei gjera ei semja seg imillom, og dotter åt Sudlands-kongen skal draga avstad til kongen i Norderlandet og freista å få deim forlikte. Men magti ho vinn, skal ho ikkje eiga lenge, ikkje heller skal han og hans magt verta varande; men ho skal verta gjevi til pris, ho tilliks med deim som let henne draga dit, både far hennar og den mannen som i si tid tok henne til seg.

Veja também

Publicidade
Daniel
Ver todos os capítulos de Daniel