4 Og eg såg, og sjå, ei stormflaga kom nordanfrå, ei stor sky og eld som kvervla seg i hop, med eit skin rundt ikring, og ut or honom, midt utor elden, tedde det seg eitkvart nett som sylvblanda gull.
5 Og midt der-utor kom det noko som liktest på fire livende. Og soleis var dei på skap: Dei hadde manneskapnad.