Publicidade

Gênesis 2

18 Og Herren Gud sagde: «Det er ikkje godt at mannen er einsleg. Eg vil gjeva honom ei hjelp som høver for honom.»19 Og Herren Gud tok av jordi og skapte alle dyri på marki og alle fuglarne i lufti, og han leidde deim fram til mannen og vilde sjå kva han kalla deim; og som mannen kalla kvart kvikjende, so skulde det heita.20 Og mannen gav alt bufeet namn, og fuglarne i lufti og alle villdyri, men for ein mann fann han ingi hjelp som var høveleg.21 Då let Herren Gud ein tung svevn koma på mannen, og medan han sov, tok han eit av sidebeini hans, og fyllte atter med kjøt.22 Og Herren Gud bygde ei kvinna av det sidebeinet han tok av mannen, og leidde henne fram til honom.23 Då sagde mannen: «Dette er då bein av mine bein og kjøt av mitt kjøt. Ho skal kallast kjerring; for ho er teki av ein kar.»24 Difor skal mannen skiljast med far sin og mor si og halda seg hjå kona si, og dei skal verta eitt kjøt.

Veja também

Publicidade
Bíblia Online Bíblia Online

Bíblia Online • Versão: 2026-04-20_11-41-06-