Publicidade

Gênesis 26

1 Og det kom eit uår, so det vart stor naud i landet, liksom fyrre gongen, medan Abraham livde. Då for Isak til Gerar, til Abimelek, filistarkongen.2 Og Herren synte seg for honom og sagde: «Far ikkje ned til Egyptarland! Bu i det landet som eg segjer deg!3 Hald til i dette landet! Eg skal vera med deg og velsigna deg; for deg og ætti di vil eg gjeva alle desse landi; eg vil halda den eiden eg svor Abraham, far din.4 Og eg vil lata ætti di aukast, so ho vert som stjernorne på himmelen, og eg vil gjeva ætti di alle desse landi, og i di ætt skal alle folk på jordi velsignast,5 for di Abraham lydde meg, og heldt alt det eg vilde han skulde halda, bodi og fyresegnerne og loverne mine.»6 So vart Isak buande i Gerar.7 Og mennerne der i bygdi spurde honom ut um kona hans. Då sagde han: «Ho er syster mi.» For han torde ikkje segja at ho var kona hans; han var rædd mennerne i bygdi kunde slå honom i hel for Rebekka skuld, av di ho var so væn.8 Men då han hadde vore der eit bil, bar det so til, at Abimelek, filistarkongen, skvatta ut igjenom vindauga og fekk sjå at Isak heldt gaman med Rebekka, kona si.

Veja também

Publicidade
Bíblia Online Bíblia Online

Bíblia Online • Versão: 2026-04-20_12-06-32-