Publicidade

Gênesis 27

41 Men Esau hata Jakob for den velsigningi som far hans hadde lyst yver honom, og Esau sagde med seg sjølv: «Snart kjem den tidi då me lyt syrgja yver far min; då skal eg drepa Jakob, bror min.»42 Og Rebekka fekk vita kva Esau, eldste son hennar, hadde sagt. Då sende ho bod etter Jakob, yngste son sin, og sagde med honom: «Høyr her! Esau, bror din, vil hemna seg på deg og drepa deg.43 Lyd no meg, son min: tak ut og røm til Kharan, til Laban, bror min,44 Og ver hjå honom eit bil, til harmen hev gjenge av bror din,45 til vreiden hans hev gjeve seg, og han hev gløymt det du hev gjort imot honom! Då skal eg senda bod og henta deg heim att. Kvi skulde eg missa dykk båe tvo på ein dag?»

Veja também

Publicidade
Bíblia Online Bíblia Online

Bíblia Online • Versão: 2026-04-20_12-06-32-