11 Kva skal eg med alle slagtofferi dykkar? segjer Herren. Eg leidest ved brennoffer av verar og ved feitt av gjødkalvar; og blod av uksar og lamb og bukkar hugar meg ikkje.12 Når de kjem og vil visa dykk for mi åsyn - kven hev kravt slikt av dykk, at de skal trakka ned mine fyregardar?13 Ber ikkje fram fleire falske grjonoffer; angen av deim styggjest eg ved. Nymåne og kviledag og tillyst møte, høgtidsferd og fanteferd hand i hand - eg toler det ikkje!14 Dykkar nymånar og høgtider hatar mi sjæl, dei hev vorte meg ei byrd, som eg ikkje orkar bera.
Publicidade
Isaías 1
Publicidade
Veja também
Publicidade