Publicidade

Isaías 1

2 Høyr, de himlar, og lyd etter, du jord! for Herren talar: Eg hev fostra born og født deim upp, men dei hev falle frå meg.3 Ein ukse kjenner eigarmannen sin, og eit asen krubba åt herren sin; men Israel kjenner inkje, mitt folk sansar inkje!4 Usæl er den synduge slegti, det skuldtyngde folket, eit ætt av illgjerdsmenner, rangsnudde born! Dei hev vraka Herren, vanvyrdt den Heilage og vendt honom ryggen.5 Tolar de meir tukt, sidan de held ved med fråfall? Hovudet er som eit einaste sår, og hjarta er gjenomsjukt.6 Frå hovud til fot finst det ikkje noko heilt, berre flengjor, flerror og nyhogne sår, som korkje er reinsa eller umbundne eller mykte med olje.7 Ei øydemark er landet dykkar, brandtufter byarne dykkar, årsgrøda et framande upp framfor augo på dykk; alt vert lagt i øyde, soleis som berre framandfolk kann herja.8 Berre dotteri Sion er att, liksom ei hytta i ein vinhage, eit natteskjol på ei agurkmark, som ein kringsett by.9 Hadde ikkje Herren, allhers drott, unnt oss ein liten leivning, då hadde me vorte som Sodoma, me hadde set ut som Gomorra!

Publicidade

Veja também

Publicidade