1 Det var ein som låg sjuk, Lasarus frå Betania, den vesle byen som Maria og Marta, syster hennar, budde i.2 Maria var den som salva Herren med myrrasalve, og turka føterne hans med håret sitt; og det var bror hennar, Lasarus, som låg sjuk.3 Systerne sende då bod til honom med dei ordi: «Herre, han som du hev so kjær, ligg sjuk!»4 Då Jesus høyrde det, sagde han: «Den sotti er ’kje nokor helsott, men ho er til Guds æra; Guds son skal få æra av det.»5 Jesus heldt mykje av Marta og syster hennar og Lasarus.6 Då han no høyrde at Lasarus låg sjuk, drygde han endå tvo dagar på den staden han var;7 då fyrst sagde han til læresveinarne sine: «Kom, lat oss fara til Judæa att!»8 «Rabbi,» sagde læresveinarne, «nyst vilde jødarne steina deg, og so fer du dit att!»9 «Er det ’kje tolv timar i dagen?» svara Jesus; «den som gjeng um dagen, snåvar ikkje; for han ser ljoset åt denne verdi;10 men den som gjeng um natti, han snåvar, av di han ikkje hev ljoset i seg.»11 So tala han, og um eit bil segjer han til deim: «Lasarus, venen vår, hev sovna; men no gjeng eg av og vekkjer honom.»12 «Herre, hev han sovna, so vert han nok god att,» sagde læresveinarne.13 Jesus hadde meint at han var slokna; men dei tenkte han tala um vanleg svevn.14 Då sagde Jesus reint ut: «Lasarus hev slokna!
Publicidade
João 11
Veja também
Publicidade