11 Men Maria stod utanfor ved gravi og gret. Som ho no gråtande lutte seg ned og glytte inn i gravi,12 fær ho sjå tvo kvitklædde englar sitja der, ein ved hovudet og ein ved føterne, der likamen åt Jesu hadde lege.13 Dei segjer til henne: «Kvi græt du, kvinna?» Ho svarar: «For di dei hev teke Herren min burt, og eg veit ikkje kvar dei hev lagt honom.»14 Med so sagt snudde ho seg, og då ser ho Jesus stend der, men ho visste ikkje at det var han.15 Jesus segjer til henne: «Kvi græt du, kvinna? Kven leitar du etter?» Ho tenkte det var hagemeisteren, og segjer til honom: «Herre, er det du som hev bore han burt, so seg meg kvar du hev lagt honom; då vil eg henta honom.»16 «Maria!» segjer Jesus. Då snur ho seg, og segjer til honom på hebraisk: «Rabbuni!» det er på vårt mål: «Meister!»17 «Kom ikkje nær meg!» segjer Jesus; «for endå hev eg ikkje fare upp til far min. Men gakk til brørne mine, og seg deim frå meg: No fer eg upp til honom som er min Fader og dykkar Fader, og min Gud og dykkar Gud!»18 Maria Magdalena kjem og segjer til læresveinarne: «Eg hev set Herren,» og at han hadde sagt dette til henne.
Publicidade
João 20
Veja também
Publicidade