3 Då kjem dei skriftlærde og farisæarane med ei kona som var teki i egteskapsbrot; dei stelte henne midt framfyre honom4 og sagde: «Meister, denne kona hev dei kome yver med ho gjorde hor.5 Moses hev sagt oss fyre i lovi at slike kvinnor skal steinast; kva segjer no du?»6 Det sagde dei av di dei vilde freista honom, so dei kunde hava noko å klaga honom for. Jesus lutte seg ned og skreiv med fingeren på marki.7 Då dei heldt på og spurde, rette han seg upp og sagde: «Lat den av dykk som er syndelaus kasta den fyrste steinen på henne!»8 So lutte han seg ned att, og skreiv på marki.9 Men då dei høyrde det, gjekk dei burt, ein etter ein - dei eldste fyrst - so Jesus vart åleine att med kona som stod der.10 Då rette han seg upp og sagde til henne: «Kvar er dei, kona? Hev ingen felt domen yver deg?»11 «Ingen, Herre,» svara ho. «So dømer ikkje eg deg heller,» sagde Jesus: «Gakk heim, og synda ikkje meir!»
Publicidade
João 8
Publicidade
Veja também
Publicidade