Publicidade

João 9

1 Då han gjekk frametter, fekk han sjå ein mann som hadde vore blind frå han var fødd.2 Læresveinarne spurde honom: «Rabbi, kven er det som hev synda, han eller foreldri hans, sidan han laut koma til verdi blind?»3 «Dei hev ikkje synda, korkje han eller foreldri hans,» svara Jesus, «men det var for di Guds verk skulde syna seg på honom.4 So lenge det er dag, lyt me gjera hans verk som hev sendt meg; det kjem ei natt då ingen kann gjera noko verk.5 Medan eg er i verdi, er eg ljoset åt verdi.»6 Med so sagt sputta han på jordi og laga ei gyrma av sputtet; den gyrma smurde han på augo hans7 og sagde til honom: «Gakk og två deg i Siloadammen!» - Siloa tyder sendemann -. So gjekk han ’stad og tvo seg, og då han kom att, kunde han sjå.8 Då sagde grannarne og dei som jamleg hadde set honom fyrr - for han var ein tiggar: «Er ’kje det han som sat og bad seg?»9 «Jau, det er han,» sagde andre. Endå andre sagde: «Nei, men han er lik honom.» Sjølv sagde han: «Det er eg.»10 «Korleis vart augo dine opna?» sagde dei då.11 Han svara: «Den mannen som dei kallar Jesus, laga ei gyrma og smurde på augo mine og sagde til meg: «Gakk til Siloa og två deg!» So gjekk eg ’stad og tvo meg, og då fekk eg syni mi.»12 «Kvar er han, den mannen?» spurde dei. «Eg veit ikkje,» segjer han.

Veja também

Publicidade
Bíblia Online Bíblia Online

Bíblia Online • Versão: 2026-04-20_11-41-06-