Publicidade

Jó 4

1 Då tok Elifaz frå Teman til ords og sagde:2 «Vert du vel tykkjen um eg talar? Men kven kann halda ordi inne?3 På rette veg du førde mange; dei trøytte hender styrkte du;4 med ord du hjelpte deim som snåva, og gav dei veike knei kraft.5 Men når det gjeld deg sjølv, du klagar; når deg det råkar, ræddast du!6 Di von du på di gudstru bygde og sette lit til last-laust liv.7 Tenk etter: Når vart skuldlaus tynt? Når gjekk rettvis mann til grunns?8 Stødt fann eg: dei som urett pløgde, og sådde naud, dei hausta slikt;9 dei stupte for Guds andedrag, gjekk for hans vreidestorm til grunns.10 Ja, løva skrik, og villdyr burar; ungløva fær sin tanngard knekt;11 og løva døyr av skort på rov; løvinna misser sine ungar.12 Ein løynleg tale til meg kom; i øyra mitt det stilt vart kviskra,13 som tankar i eit nattsyn kjem, når svevnen tung på folki kviler.14 Det kom ei rædsla yver meg, ei skjelving gjenom alle lemer;15 ein gust meg yver panna strauk, og på min kropp seg håri reiste;16 og noko stogga for mi åsyn; eg kunde ikkje klårt skilja; framfor mitt auga stod eit bilæt’, eg høyrde som ei røyst som kviskra:17 «Hev menneskjet vel rett for Gud? Er mannen rein framfor sin skapar?18 Han sine tenarar ei trur og finn hjå sine englar lyte -19 enn meir hjå folk i hus av leir; hjå deim som hev sin grunn i moldi, ein kann deim krasa, som eit mol.20 Dei er frå morgon og til kveld; ein krasar deim - kven merkar det? - Og dei vert ikkje funne meir.21 Når deira tjeldsnor vert rykt upp, dei døyr og ingen visdom fær.»

Veja também

Publicidade