10 No vende Herren lagnaden for Job, då han bad for venerne sine; og alt det Job hadde ått, fekk han tvifald att.11 Og alle brørne og systerne hans kom til honom, og like eins alle dei kjenningar han fyrr hadde havt, og dei åt og drakk med honom i huset hans. Og synte honom medynk og trøysta honom for all den ulukka som Herren ført yver honom, og kvar av deim gav honom ein gullpening og ein gullring.12 Og Herren velsigna den siste livetidi åt Job meir enn den fyrste; han fekk fjortan tusund sauer og seks tusund kamelar og tusund par uksar og tusund asnor.13 Og han fekk sju søner og tri døtter;
Publicidade
Jó 42
Veja também
Publicidade