Publicidade

Lucas 19

2 Der var det ein mann som heitte Sakkæus; han var ein høg tollmann og rik.3 Han hadde slik hug til å sjå Jesus, kven han var, men kunde ikkje koma til for folkemengdi; for han var liten på vokster.4 So sprang han i fyrevegen og kleiv upp i eit sykomortre, so han kunde få sjå honom; for der laut han koma framum.5 Då Jesus kom dit, såg han upp og sagde til honom: «Sakkæus, skunda deg og kom ned! I dag lyt eg vera hjå deg.»6 Då skunda han seg ned, og tok imot Jesus med gleda.7 Alle som såg det, murra og sagde seg imillom: «Han gjeng inn til ein syndig mann og tek herbyrge der.»8 Men Sakkæus steig fram og sagde til Herren: «Herre, helvti av alt det eg eig, gjev eg dei fatige, og hev eg truga pengar frå nokon, gjev eg det att firdubbelt.»

Veja também

Publicidade
Bíblia Online Bíblia Online

Bíblia Online • Versão: 2026-04-20_12-06-32-