22 So snart reinsingstidi som er fyreskrivi i Moselovi, var til endes for deim, tok dei honom med seg upp til Jerusalem; dei vilde te honom fram for Herren23 - soleis som det stend skrive i Herrens lov: «Alt mannkyn som kjem fyrst frå morsliv, skal kallast heilagt åt Herren» -24 og vilde bera fram offer, etter det som er sagt i Herrens lov: «eit par turtelduvor eller tvo duveungar.»25 I Jerusalem var det då ein mann som heitte Simeon, ein rettferdig og gudleg mann, som venta på Israels trøyst; den Heilage Ande var yver honom,26 og hadde vitra honom um at han ikkje skulde fara or verdi, fyrr han hadde set Herrens Messias.27 No kom han til templet - det var Anden som dreiv honom - og då foreldri kom berande inn med Jesus-barnet, og vilde fara med det som visi var etter lovi,28 tok han det og på armarne, og lova Gud og sagde:29 «Herre, no gjev du din tenar heimlov, som ordet ditt lydde, og let han fara i fred!30 For no fekk auga mitt skoda di frelsa,31 som du hev skipa til for åsyni åt alle folk,32 eit ljos som for heidningarn’ lyser, ein herlegdom og ei æra for Israel, folket ditt eige.»33 Far hans og mor hans undra seg yver det som vart sagt um honom.34 Og Simeon velsigna deim og sagde til Maria, mor hans: «Dette barnet er sett til fall og uppreising for mange i Israel og til eit motsegjingsteikn;35 men deg og skal sverdet stinga gjenom hjarta; då kjem det upp kva tankar mange gøymde i hugen.»36 Det var og ei profetkvinna der, Anna Fanuelsdotter av Assers-ætti. Ho var langt ut i åri; etter ho vart gift, hadde ho butt i hop med mannen sin i sju år,37 og sidan sete enkja i heile fire og åtteti år. Ho kom aldri frå templet, og tente Gud i bøn og fasta natt og dag.38 I denne stundi gjekk ho fram og takka og prisa Gud, og tala um barnet til alle som venta på frelsa for Jerusalem.
Publicidade
Lucas 2
Veja também
Publicidade