41 År um anna for foreldri hans til Jerusalem i påskehelgi.42 Då han var tolv år, drog dei og dit upp, som skikk og bruk var på høgtidi;43 men då dei hadde vore der høgtidsdagarne til endes, og skulde taka på heimvegen, vart Jesus-barnet att i Jerusalem, og foreldri hans gådde det ikkje.44 Dei tenkte han var med i ferdafylgjet, og for ei dagsleid fram, og leita etter honom millom skyldfolk og kjenningar.45 Som dei no ikkje fann honom, for dei attende til Jerusalem, og leita etter honom der;46 og då tri dagar var lidne, fann dei honom i templet; der sat han midt ibland lærarane og lydde på deim og spurde deim,47 og alle som høyrde på honom, var reint upp i under kor vitug han var, og for svar han gav.48 Då dei fekk sjå honom, vart dei mest frå seg av undring, og mor hans sagde: «Kvi for du soleis åt mot oss, barn? Far din og eg hev leita so sårt etter deg!»49 «Kvifor leita de etter meg?» svara han; «visste de ikkje at eg lyt vera i huset åt far min?»50 Men dei skyna ikkje kva han meinte med det ordet.51 So fylgde han deim heim til Nasaret, og var lydug mot deim. Men mor hans gøymde alt dette i hjarta sitt.52 Og Jesus gjekk fram i visdom og vokster og velvilje hjå Gud og menneskje.
Publicidade
Lucas 2
Veja também
Publicidade