Publicidade

Lucas 5

1 Ein gong stod han nedmed Gennesaretsjøen, og folket trengde seg um honom og lydde på Guds ord;2 då vart han var tvo båtar som låg ved strandi; fiskarane hadde gjenge utor deim og stod og skylde garni sine.3 Han steig ut i ein av båtarne, som høyrde Simon til, og bad honom leggja eit lite stykke frå land; so sette han seg og lærde folket frå båten.4 Då han hadde halde upp å tala, sagde han til Simon: «Legg ut på djupet og set ut garni dykkar, so de kann få fisk!»5 «Meister, me hev stræva i heile natt og ingen ting fenge,» svara Simon; «men på ditt ord vil eg setja ut garni.»6 So gjorde dei det, og då stengde dei slik ein brote med fisk at garni heldt på og skulde rivna.7 Då vitta dei til lagsmennerne sine i hin båten, at dei skulde koma og taka i med deim, og då dei kom, fyllte dei båe båtarne, so det var nære på dei sokk.8 Då Simon Peter såg det, kasta han seg ned for Jesu føter og sagde: «Gakk burt frå meg, Herre! Eg er ein syndug mann.»9 For det kom ein støkk på honom og alle deim som var med honom, for skuld all fisken dei hadde sanka;10 og like eins var det med Jakob og Johannes, sønerne åt Sebedæus, som var lagsbrørne åt Simon. Men Jesus sagde til Simon: «Ver ikkje rædd! Heretter skal du fanga menneskje.»11 So rodde dei båtarne til lands og gjekk ifrå alt og fylgde honom.

Publicidade

Veja também

Publicidade