Publicidade

Lucas 7

1 So tala Jesus, og folket lydde på honom; då han hadde tala til endes, gjekk han inn i Kapernaum.2 Ein hovudsmann hadde ein dreng som låg so sjuk at det leid åt med honom, og den drengen heldt han svært gjæv.3 Han hadde høyrt um Jesus, og no sende han nokre av rådsmennerne åt jødarne til honom, og bad at vilde koma og berga livet åt drengen.4 Då dei kom til Jesus, bad dei honom so mykje at han skulde gjera det. «Han er verd at du gjer dette for honom,» sagde dei;5 «for han elskar folket vårt, og det er han som hev bygt synagoga åt oss.»6 Jesus gjekk med deim; men då han ikkje hadde langt att til huset, sende hovudsmannen nokre vener til honom med det bodet: «Herre, du skal ’kje umaka deg! Eg er for ring til at du skulde stiga inn under taket mitt;7 difor heldt eg meg heller ikkje verdig til å koma til deg. Men seg eit ord, so guten min vert god att!8 For eg er og ein mann som må lyda deim som større er, og sjølv hev eg hersveinar under meg, og segjer eg til ein av deim: «Gakk!» so gjeng han, og til ein annan: «Kom!» so kjem han, og til tenaren min: «Gjer det!» so gjer han det.»9 Då Jesus høyrde det, undra han seg yver mannen; han snudde seg, og sagde til folket som fylgde honom: «Det segjer eg dykk: Ikkje ein gong i Israel hev eg funne so stor ei tru.»10 Då dei som hovudsmannen hadde sendt, kom attende til huset hans, fekk dei sjå at drengen var god att.

Publicidade

Veja também

Publicidade