11 Snart etter bar det so til at Jesus for til ein by som heiter Nain, og læresveinarne hans og ein stor folkehop var med honom.12 Då han kom nær innåt byporten, såg han at liket av ein ung mann vart bore ut; det var einaste sonen åt ei enkja; og mykje folk frå byen var med henne.13 Då Herren vart var enkja, tykte han hjarteleg synd um henne og sagde til henne: «Gråt ikkje!»14 Han gjekk innåt og tok i båri, og dei som bar, stana. So sagde han: «Unge mann, eg segjer deg: Statt upp!»15 Og med ein gong reiste den daude seg upp og tok til å tala, og han gav honom åt mori.16 Då vart alle tekne av otte; dei lova Gud og sagde: «Ein stor profet hev stade fram millom oss!» og: «Gud hev vitja sitt folk!»17 Og det ordet um honom kom ut yver heile Jødeland og bygderne ikring.
Publicidade
Lucas 7
Veja também
Publicidade