Publicidade

Marcos 3

22 Men dei skriftlærde som var komne ned frå Jerusalem, sagde: «Be’elsebul hev fare i honom! og: «Det er djevlehovdingen sjølv som hjelper honom til å driva ut djevlar.»23 Då kalla han deim til seg og tala til deim i likningar: «Korleis kann Satan driva ut Satan?»24 Kjem eit rike i strid med seg sjølv, so kann det riket ikkje standa,25 og kjem eit hus i strid med seg sjølv, so stend det huset ikkje med lag.26 Set no Satan seg upp mot seg sjølv og kjem i strid med seg sjølv, so kann han ikkje standa seg; då er det ute med honom.27 Men ingen kann ganga inn i huset til ei kjempa og rana eignaluterne hans, hev han ikkje fyrst lagt kjempa i band; då kann han plundra huset.28 Det segjer eg dykk for sant: Alt skal tilgjevast menneskjeborni, både synder og spottord, kor mykje dei spottar;29 men den som spottar den Heilage Ande, fær i all æva ikkje tilgjeving; han er saka i ei æveleg synd» -30 det var for di dei sagde: «Han hev ei urein ånd i seg.»

Veja também

Publicidade
Bíblia Online Bíblia Online

Bíblia Online • Versão: 2026-04-20_11-41-06-