Publicidade

Marcos 5

21 Då Jesus hadde fare yver til hi sida att med båten, og endå var nedmed sjøen, samla det seg ein stor folkehop kringum honom.22 Då kom ein av synagoge-forstandarane, som heitte Jairus, og med det same han såg Jesus, kasta han seg ned for føterne hans23 og bad honom mykje og sagde: «Vesle dotter mi ligg på det siste - um du vilde koma og leggja henderne på henne, so ho kann bergast og liva!»24 Jesus gjekk med honom, og ein stor folkehop fylgde etter, og trengde seg um honom.25 Millom deim var ei kvinna som hadde havt blodflod i tolv år.26 Ho hadde søkt mange lækjarar, og prøvt mange råder, og kosta ut alt ho åtte; men det hadde ikkje muna; ho var heller vorti verre.27 Ho hadde høyrt ordet um Jesus, og no kom ho midt i folkehopen og tok attantil i kjolen hans.28 «Kann eg få taka um so berre i klædi hans, vert eg god att,» tenkte ho.29 Og med ein gong stana blodflodi, og ho kjende det i likamen at ho var lækt for sjukdomen.30 Jesus kjende straks på seg at det for ei kraft ut ifrå honom; han snudde seg um i hopen og spurde: «Kven var det som tok i klædi mine?»31 «Du ser folket trengjer deg på alle kantar,» svara læresveinarne, «og so spør du kven det var som tok i deg!»32 Då såg han seg ikring etter den som hadde gjort det.33 Og kvinna, som var so rædd at ho skalv, av di ho visste kva som hadde hendt henne, ho kom og kasta seg ned for føterne hans, og sagde honom alt som det var.34 Då sagde han til henne: «Trui di hev hjelpt deg, dotter mi. Gakk heim og hav det godt, og ver fri sjukdomen din!»35 Fyrr han hadde tala ut, kom det folk frå huset åt synagoge-forstandaren og sagde: «Dotter di hev slokna. Umaka ikkje meisteren lenger!»36 Jesus høyrde kva dei tala um, og sagde til synagoge-forstandaren: «Ottast ikkje! Berre tru!»37 Han let ingen fylgja seg utan Peter og Jakob og Johannes, bror åt Jakob.38 Og då dei kom heim til synagoge-forstandaren, og han såg for eit ståk der var, og høyrde folk gret og våla,39 gjekk han inn og sagde: «Kva ståkar og græt de for? Barnet hev ikkje slokna; det søv.»40 Då log dei åt honom. Men han dreiv deim ut alle saman, og sjølv tok han med seg far og mor åt barnet, og fylgjesveinarne sine, og gjekk inn der barnet låg.41 Og han tok barnet i handi og sagde: «Talita kumi!» det er det same som: «Vesle gjenta, eg segjer deg: Ris upp!»42 Og straks reis veslegjenta upp og gjekk ikring; for ho var tolv år. Då vart dei straks reint som dei var frå seg.43 Men han forbaud deim strengt å lata nokon få vita det, og sagde dei skulde gjeva henne mat.

Veja também

Publicidade
Bíblia Online Bíblia Online

Bíblia Online • Versão: 2026-04-20_11-41-06-