35 Fyrr han hadde tala ut, kom det folk frå huset åt synagoge-forstandaren og sagde: «Dotter di hev slokna. Umaka ikkje meisteren lenger!»36 Jesus høyrde kva dei tala um, og sagde til synagoge-forstandaren: «Ottast ikkje! Berre tru!»37 Han let ingen fylgja seg utan Peter og Jakob og Johannes, bror åt Jakob.38 Og då dei kom heim til synagoge-forstandaren, og han såg for eit ståk der var, og høyrde folk gret og våla,39 gjekk han inn og sagde: «Kva ståkar og græt de for? Barnet hev ikkje slokna; det søv.»40 Då log dei åt honom. Men han dreiv deim ut alle saman, og sjølv tok han med seg far og mor åt barnet, og fylgjesveinarne sine, og gjekk inn der barnet låg.41 Og han tok barnet i handi og sagde: «Talita kumi!» det er det same som: «Vesle gjenta, eg segjer deg: Ris upp!»42 Og straks reis veslegjenta upp og gjekk ikring; for ho var tolv år. Då vart dei straks reint som dei var frå seg.43 Men han forbaud deim strengt å lata nokon få vita det, og sagde dei skulde gjeva henne mat.
Publicidade
Marcos 5
Veja também
Publicidade