Publicidade

Marcos 8

22 So kom dei til Betsaida. Der leidde dei ein blind mann fram til honom, og bad at han vilde leggja henderne på honom.23 Då tok han den blinde i handi, og leidde honom ut or grendi. So vætte han augo hans med råke av munnen sin, og lagde henderne på honom og spurde: «Ser du noko?»24 Mannen såg upp og sagde: «Eg augnar folk som gjeng ikring; dei ser ut for meg som trestuvar.»25 So lagde Jesus endå ein gong henderne på augo hans. Då braut syni hans fram; han vart god att og kunde skilja allting klårt.26 Jesus sende honom heim att og sagde: «Gakk ikkje inn i grendi, og seg det ikkje til nokon i grendi!»

Veja também

Publicidade
Marcos
Ver todos os capítulos de Marcos