Publicidade

Mateus 13

3 Då sagde han deim mangt og mykje i likningar og tok so til ords: «Ein såmann gjekk ut og skulde så,4 og då han sådde, fall noko av kornet frammed vegen, og fuglarne kom og åt det upp.5 Noko fall på steingrunn; der hadde det ikkje mykje jord, og det rann snøgt upp, av di der var so grunt;6 men då soli steig, skein det av; for det hadde ikkje rot.7 Noko fall millom klunger, og klungeren voks upp og kjøvde det.8 Noko fall i god jord og gav grøda, sumt hundrad foll, og sumt seksti foll, og sumt tretti foll.9 Høyr etter, kvar som høyra kann!»

Veja também

Publicidade
Bíblia Online Bíblia Online

Bíblia Online • Versão: 2026-04-20_11-41-06-