22 Med same dette var gjort, nøydde han læresveinarne til å ganga i båten og fara fyre seg yver sjøen, med han bad farvel med folket.23 Då han so hadde sendt folket frå seg, gjekk han upp i fjellet, so han kunde vera for seg sjølv og beda, og etter det var avdaga, var han der einsleg.24 Båten var alt midt utpå sjøen og tevla hardt i bylgjorne; for vinden var imot.25 Då, i den fjorde nattevakti, kom han gangande burtimot deim yver sjøen;26 og då læresveinarne såg han ganga på sjøen, vart dei forfærde og sagde: «Det er eit skrymt!» og dei var so rædde at dei skreik.27 Men i det same tala han til deim og sagde: «Ver hugheile! Det er eg. Ver ikkje rædde!»28 Då tok Peter til ords og sagde: «Herre, er det du, so seg at eg skal koma til deg på vatnet!»29 «Kom du!» svara han. So steig Peter ut or båten og gjekk burtyver vatnet og vilde møta Jesus.30 Men då han såg det harde veret, vart han rædd, og tok til å søkka. Då ropa han: «Herre, frels meg!»31 Og med det same rette Jesus ut handi og greip honom og sagde: «Kor lite tru du hev! Kvi tvila du?»32 So steig dei upp i båten, og vinden lagde seg.33 Og dei som var i båten, fall på kne for honom og sagde: «Ja, sanneleg er du Guds Son!»
Publicidade
Mateus 14
Veja também
Publicidade