Publicidade

Mateus 17

1 Seks dagar etter tok Jesus Peter og Jakob og Johannes, bror hans, med seg upp på eit høgt fjell, og der var dei åleine.2 Då vart han forklåra for augo deira: andlitet hans skein som soli, og klædi var kvite som ljoset.3 Og best det var, fekk dei sjå Moses og Elia; dei stod og tala med honom.4 Då tok Peter til ords og sagde til Jesus: «Herre, det er godt at me er her! Vil du, so skal eg gjera tri hyttor her, ei åt deg, og ei åt Moses, og ei åt Elia.»5 Fyrr han hadde tala ut, kom det ei ljos sky og skygde yver deim, og or skyi kom det ei røyst som sagde: «Dette er son min, han som eg elskar, han som eg hev hugnad i. Høyr på honom!»

Publicidade

Veja também

Publicidade