Publicidade

Mateus 2

1 Det var i Betlehem i Judalandet Jesus kom til verdi, i kong Herodes’ dagar. Då kom det nokre vismenner frå Austerlandi til Jerusalem og sagde:2 «Kvar er den jødekongen som nyst er fødd? Me såg stjerna hans i Austerland, og no er me komne og vil hylla honom.»3 Då kongen, Herodes, høyrde det, vart han forfærd, og heile Jerusalem med.4 Han kalla i hop alle dei øvste prestarne og alle skriftlærde i landet, og spurde deim kvar Messias skulde koma til verdi.5 «I Betlehem i Judalandet,» svara dei, «for so stend det skrive hjå profeten:6 «Du Betlehem, du Juda-bygd, av Juda-jarlarne er du visst ikkje ringaste i rang: Or deg ein fyrste skal gå fram som Israel, mitt eige folk, liksom ein hyrding gjæta skal.»»7 Då kalla Herodes vismennerne til seg i løynd, og spurde deim ut um tidi då stjerna hadde synt seg.8 So styrde han deim i veg til Betlehem og sagde: «Far no dit, og høyr dykk vel fyre um barnet, og når de hev funne det, so seg meg til, so eg og kann koma og hylla det!»9 Då dei hadde høyrt på kongen, tok dei i vegen, og best det var, fekk dei sjå den same stjerna som dei hadde set i Austerland; ho for fyre deim, til ho kom uppyver der som barnet var; der vart ho standande.10 Då vismennerne såg stjerna, vart dei so glade at dei aldri hadde vore so glade.11 Dei gjekk inn i huset, og fann barnet hjå mori, Maria. Då fall dei på kne, og hyllte barnet. Og dei let upp skrini, sine og bar fram for det gåvor: gull og røykjelse og myrra.12 Og Gud varsla deim i draume, at dei ikkje måtte fara attende til Herodes, og so tok dei ein annan veg heim att til landet sitt.

Veja também

Publicidade
Bíblia Online Bíblia Online

Bíblia Online • Versão: 2026-04-20_11-41-06-