36 So kom Jesus med læresveinarne til ein stad som heiter Getsemane. Då sagde han til deim: «Sit her med eg gjeng der burt og bed!»
37 Og han tok med seg Peter og båe Sebedæus-sønerne, og tok til å syrgja og kvidast.
38 So segjer han til deim: «Hjarta mitt er so fullt av sorg - det er som det vilde bresta. Ver her og vak med meg!»
39 Og han gjekk eit lite stykke fram, og lagde seg ned på kne og bad: «Far, er det råd, so lat denne skåli takast ifrå meg! Men ikkje som eg vil, berre som du vil!»
40 Då han kom attende til læresveinarne, såg han at dei sov. Då sagde han til Peter: «So var de ’kje god til å vaka ein time med meg!
41 Vak og bed, so de ikkje skal koma i freisting! Åndi er viljug, men kjøtet er veikt.»
42 So gjekk han burt att andre gongen og bad: «Far, kann ikkje dette takast ifrå meg, og lyt eg tøma skåli, so lat det vera som du vil!»
43 Då han kom attende, såg han at dei hadde sovna til att; for augo deira var tunge av svevn.
44 Då let han dei vera og gjekk burt att og bad tridje gongen same bøni.
45 So kom han att og sagde til læresveinarne: «De søv og kviler, de! Sjå no er stundi komi, og Menneskjesonen skal gjevast yver i syndarhender.
46 Statt upp, og lat oss ganga! Svikaren er ikkje langt undan.»