Publicidade

Mateus 4

1 Sidan førde Anden Jesus ut i øydemarki, so djevelen skulde freista honom.2 Han fasta i fyrti dagar og fyrti næter, og vart hungrig då so langt leid.3 Og freistaren kom og sagde til honom: «Er du Guds Son, so seg at desse steinarne skal verta til brød!»4 Men han svara: «Det stend skrive: «Menneskja liver ikkje berre av brød, men av kvart ord som kjem frå Guds munn.»»5 Då tok djevelen honom med seg til den heilage byen og sette honom ytst på tempeltaket, og sagde til honom:6 «Er du Guds Son, so kasta deg utfyre! For det stend skrive: «Han englarn’ sine bjoda skal at dei på henderne deg ber, so aldri du på nokon stein skal turva støyta foten din.»»7 Jesus svara: «Det stend og skrive: «Du skal ikkje freista Herren, din Gud.»»8 So tok djevelen honom med seg upp på eit ovhøgt fjell, og synte honom alle verdsens rike og deira herlegdom og sagde:9 «Alt dette gjev eg deg, dersom du fell på kne og tilbed meg.»10 Då sagde Jesus til honom: «Gakk frå meg, Satan! For det stend skrive: «Herren, din Gud, skal du tilbeda; honom og ingen annan skal du tena.»»11 So for djevelen ifrå honom, og med det same kom englarne og tente honom.

Veja também

Publicidade