18 Som han no ein gong gjekk frammed Galilæasjøen, fekk han sjå tvo brør, Simon, han som kallast Peter, og Andreas, bror hans; dei heldt på og kasta ei not i sjøen; for dei var fiskarar.19 Han segjer til dei: «Kom og fylg meg! Eg vil gjera dykk til menneskje-fiskarar!»20 Då gjekk dei beint frå garni sine og fylgde honom.21 Då han kom lenger fram, såg han tvo andre brør, Jakob, son åt Sebedæus, og Johannes, bror hans: dei sat i båten hjå Sebedæus, far sin, og greidde garni sine. Han kalla deim,22 og med ein gong gjekk dei burt frå båten og frå far sin, og fylgde honom.
Publicidade
Mateus 4
Veja também
Publicidade