Publicidade

Mateus 9

18 Med han tala soleis til deim, kom ein synagoge-forstandar og fall på kne for honom og sagde: «Rett no hev dotter mi slokna; men kom og legg handi di på henne, so livnar ho att!»19 Jesus gjorde seg reidug og gjekk med honom, og læresveinarne og.20 Då kom det ei kvinna, som hadde havt blodflod i tolv år; ho gjekk innåt honom attantil og tok i ein av duskarne på kjolen hans,21 for ho tenkte med seg: «Kann eg berre få taka i kjolen hans, so er eg berga.»22 I det same snudde han seg og såg henne. Då sagde han: «Ver hugheil, dotter! Trui di hev hjelpt deg.» Og kvinna vart god att i same stundi.23 Då Jesus kom heim til synagoge-forstandaren og såg fløytelåtarane og hopen som ståka og våla, sagde han til deim:24 «Gakk burt! Gjenta er ikkje slokna; ho søv.» Men dei berre log åt honom.25 Då hopen var driven ut, gjekk han inn, og tok henne i handi, og gjenta stod upp.26 Og gjetordet um dette kom ut yver alle bygderne der ikring.

Veja também

Publicidade
Bíblia Online Bíblia Online

Bíblia Online • Versão: 2026-04-20_11-41-06-