14 Då sagde kvinnorne til No’omi: «Lova vere Herren som hev gjort at du idag ikkje vantar løysingsmann! Han skal verta namngjeten i Israel.15 Han skal verta ein trøystar åt deg og din alderdoms hjelp; for sonekona di, ho som held av deg, hev født honom; ho som er meir for deg enn sju søner.»16 Og No’omi tok barnet og lagde det i fanget sitt og vart fostermor åt det.17 Og grannekvinnorne gav honom namn og sagde: «No’omi hev fenge ein son,» og dei gav honom namnet Obed; Han vart far åt Isai, far åt David.
Publicidade
Rute 4
Veja também
Publicidade