1 Då dronningi i Saba høyrde gjetordet um Salomo, drog ho til honom i Jerusalem og vilde røyna honom med djupe gåtor. Ho kom med eit ovstort fylgje, med kamelar som var klyvja med kryddor og gull i store mengder og glimesteinar. Og då ho var komi til Salomo, lagde ho fram for honom alt det ho hadde på hjarta.

2 Men Salomo gav henne svar på alle spurningarne hennar, og det var ingenting dult for honom, som han ikkje kunde svare på.

3 Då dronningi frå Saba såg kor vis Salomo var, og huset som han hadde bygt,

4 og retterne på bordet hans, korleis hirdmennerne hans sat der, og korleis tenarane hans varta upp og var klædde, skjenkjarsveinarne hans og deira klæde, og den uppgangen som han hadde til Herrens hus, vart ho reint ifrå seg.

5 Og ho sagde til kongen: «So var det då sant det som eg høyrde i landet mitt um deg og visdomen din!

6 Eg kunde ikkje tru det dei sagde fyrr eg kom og fekk sjå det med eigne augo; og so er det endå ikkje helvti av all visdomen din som de hev fortalt meg um; du er endå større enn det gjetordet eg hev høyrt um deg.

7 Sæle er mennerne dine, sæle er desse tenarane dine, som stødt fær standa framfyre deg og høyra visdomen din.

8 Lova vere Herren, din Gud, som hadde hugnad i deg og sette deg på sin kongsstol til konge for Herren, din Gud! For di din Gud elskar Israel, og vil halda det ved magt æveleg, difor hev han sett deg til konge yver deim til å gjera rett og rettferd.»