1 Sæl er den mann som ikkje gjeng i råd med ugudlege og ikkje stend på veg med syndarar og ikkje sit i sæte med spottarar,2 men som hev si lyst i Herrens lov og grundar på hans lov dag og natt.3 Han er lik eit tre som er planta ved vatsbekkjer, som gjev si frukt i si tid, og som lauvet ikkje visnar på; og alt det han gjer, hev han lukka med.4 Ikkje so er det med dei ugudlege; men dei er lik agner, som vinden føykjer burt.5 Difor skal dei ugudlege ikkje standa seg i domen, og syndarar ikkje i samlingi av dei rettferdige.6 For Herren kjenner vegen dei rettferdige fer, men den vegen dei ugudlege fer, gjeng til grunns.
Publicidade
Salmos 1
Veja também
Publicidade
Salmos
123456789101112131415161718192021222324252627282930313233343536373839404142434445464748495051525354555657585960616263646566676869707172737475767778798081828384858687888990919293949596979899100101102103104105106107108109110111112113114115116117118119120121122123124125126127128129130131132133134135136137138139140141142143144145146147148149150
Ver todos os capítulos de Salmos