1 Ein miktam av David. Vakta meg, Gud! for eg flyr til deg.2 Eg segjer til Herren: «Du er min Herre; eg hev inkje godt utan deg.3 Og dei heilage som er i landet, dei er dei herlege som eg hev all min hugnad i.»4 Mange sorger skal dei hava som byter åt seg ein annan; eg vil ikkje renna ut deira drykkoffer av blod og ikkje taka deira namn på mine lippor.5 Herren er min tilmælte deil og mitt staup; du held min lut i hævd.6 Ein lut er meg tilfallen som er av dei huglege, ja, ein arv som eg finn fager.7 Eg vil lova Herren som gav meg råd; endå um næterne minner mine nyro meg um det.8 Eg set alltid Herren framfyre meg; for han er ved mi høgre hand, eg skal ikkje verta rikka.9 Difor gled mitt hjarta seg, og mi æra fagnar seg, ja, ogso mitt kjøt skal kvila i trygd.10 For du vil ikkje yverlata mi sjæl til helheimen, du vil ikkje lata din heilage sjå undergang.11 Du vil kunngjera meg livsens veg; ei nøgd med gleda er for di åsyn, fagnad ved di høgre hand til æveleg tid.
Publicidade
Salmos 16
Veja também
Publicidade
Salmos
123456789101112131415161718192021222324252627282930313233343536373839404142434445464748495051525354555657585960616263646566676869707172737475767778798081828384858687888990919293949596979899100101102103104105106107108109110111112113114115116117118119120121122123124125126127128129130131132133134135136137138139140141142143144145146147148149150
Ver todos os capítulos de Salmos