Publicidade

Salmos 40

1 Til songmeisteren, av David; ein salme.2 Eg venta og venta på Herren, so bøygde han seg til meg og høyrde mitt rop.3 Og han drog meg upp or den tynande grav, or søkkjedya, og han sette mine føter uppå berggrunn, han gjorde mine stig støde.4 Og han lagde ein ny song i min munn, ein lovsong til vår Gud. Mange ser det og ottast og lit på Herren.5 Sæl er den mann som set si lit til Herren og ikkje vender seg til dei ovlåtne og til deim som vik av til lygn.6 Herre, min Gud, du hev gjort dine under og dine råder mangfaldige mot oss; ingen ting er liknande med deg; vil eg forkynna og tala um deim, er dei for mange til å telja.7 Slagtoffer og grjonoffer hev du ikkje hug til - du hev bora øyro på meg - brennoffer og syndoffer krev du ikkje.8 Då sagde eg: «Sjå, eg kjem; i bokrullen er det skrive for meg;9 å gjera din vilje, min Gud, det er mi lyst, og di lov er inst i mitt hjarta.»10 Eg bar det gode bod um rettferd i ei stor samling; sjå, eg let ikkje att mine lippor; Herre, du veit det.11 Eg løynde ikkje di rettferd inne i mitt hjarta, eg tala um din truskap og di frelsa; eg dulde ikkje din nåde og di sanning for ei stor samling.12 Du, Herre, vil ikkje lata att di miskunn for meg; din nåde og di sanning vil alltid vakta meg.13 For trengslor utan tal hev umspent meg, mine misgjerningar hev gripe meg, og eg kan ikkje sjå; dei er fleire enn håri på mitt hovud, og mitt mod hev forlate meg.14 Hugnast, Herre, å berga meg! Herre, kom meg snart til hjelp!

Publicidade

Veja também

Publicidade