Publicidade

Deuteronômio 7

7 Ikkje av di du var større enn alle dei andre folki, tok Herren deg åt seg og kåra deg ut; for du er det minste av alle folk.8 Men han elska deg, og vilde halda det han hadde lova federne dine; difor førde han deg burt med fast hand og fria deg ut or slavehuset, or henderne på Farao, egyptarkongen.9 So må du då vita at Herren, din Gud, han er den rette Gud, den trufaste Gud, som held det han lovar. Mot deim som elskar honom og held bodi hans, gjer han vel i tusunde leden,10 og deim som hatar honom, gjev han løni på loven, og let deim ganga til grunnar; han held ikkje att løni for deim, men greider henne midt upp i handi deira.11 So kom då i hug dei bodi og fyresegnerne og loverne som eg ber fram for deg i dag, og liv etter deim!12 Lyder du no etter desse bodi, og kjem deim i hug, og held deim, so skal Herren, din Gud, koma i hug den truskap og nåde han lova federne dine;

Publicidade

Veja também

Publicidade